tokyo

Posts Tagged ‘washington’

Fallout 3

Kvar gong eg opnar forseglinga på eit spel er det vel vitande om at det ligg hardt arbeid og blodslit framfor meg. Verda skal som oftast reddast (eller i det minste justerast til det betre) og det vil kreva kanskje 50-100 timar av mitt liv. Utan kjennskap til Fallout-serien venta eg meg denne gongen eit typisk fartsfylt førsteperson skytespel, i same gate som Bioshock. Det stemte i grunnen brukbart men spelet er meir enn berre det. Fallout er også eit sandkassespel i god GTA-tradisjon med eit tumleområde på over 40 kvadratkilometer. I tillegg (og ikkje minst!) så er det eit rollespel der ein etter klassisk modell kan bygga opp sin karakter gjennom heile historia ut frå eigne handlingar og valg ein tar.

Les mer...