Posts Tagged ‘fable’
Speltestar - Tuesday, March 24, 2009 9:41 - 5 Comments
Fable 2
Fable 2
Lionhead Studio
Platform: Xbox 360
Testa av @Sofasatan
Noko av det fine med konsollspel er at dei er latterleg dyre å laga. Den dyraste blockbusterfilmen frå Hollywood kan faktisk ikkje måla seg når det kjem til kostnadar. Og det som er dyrt er som kjent alltid bra?
På slutten av året 2008 kom det ein fin bunke påkosta spel. Eit av dei dyraste og kanskje mest gjennomarbeidde kom frå selskapet Lionhead i den trivelege engelske byen Guildford. I over fire år sat eit par hundre programmerarar, designarar og forfattarar og jobba på spreng. Sjefen var den visjonære og genierklærte Peter Molyneux. Resultatet, Fable 2, blei eit spel som kosta bort i mot ein milliard kroner.
Molyneux er ein entusiastisk type. Til tider, vil nok mange påstå, FOR entusiastisk: Etter lanseringa av første Fable måtte han gå offentleg ut og beklaga fordi spelet ikkje inneheld på langt nær det han hadde lova. Uansett: før lanseringa av Fable 2 gjekk han like friskt ut: Lionhead var, ifølgje Molyneux, i ferd med å lansera det beste spelet gjennom tidene. Var det så noko i det denne gongen?
Continue…
Ferske kommentarar