tokyo

Tokyo Challenge #1

Tokyo Challenge #1 Ein aldri så liten farsott går over nettet, spelinteresserte designarar utfordrar kvarandre til å laga interessante redesign av kjente spelomslag. Høgdepunkter frå forumet Selectbutton.net er samla i ei gruppe på Flickr. Fleire andre sider har tatt utfordringa (f.eks The GAF Collection). Vi på Tokyo kan vel ikkje vera noko dårlegare?

Operation: Anchorage (DLC, Fallout 3)

Operation Anchorage (DLC, fallout 3) Bethesda Game Studios Platform: PC, PS3, Xbox 360 Testa av @Sofasatan (Xbox 360) Les og testen av opprinnelege Fallout 3 her på tokyo.no. Eg er (førebels?) ingen stor brukar av Xbox Live, Playstation Network, e.l., men eg skal vera den første til å innrøma at eg diggar nedlastbart innhald. Det [...]

Assassin´s Creed II før jul

Det er ingen hemmelighet at Tokyo.no likar spel som kan puttast i kategorien action/roleplaying/sandbox. Ubisoft, Montreal, kunne i dag avsløra at fleire års intenst (og relativt hemmelig) arbeid på Assassins Creed 2 er tenk å resultera i ei utgjeving i god tid før jul!

Tokyo Riders

Etter ti dagar med tokyo.no er det på tide å feira knallsuksessen! I kveld, 31. mars, kl 21.00 blir det MC-treff i GTA 4 – The Lost And Damned. Påmelding til den lurvete MC-klubben foregår i kommentarfeltet nedanfor. (Skriv din Xbox Gamertag og møt opp i nitida.)

Fable 2

Fable 2 Lionhead Studio Platform: Xbox 360 Testa av @Sofasatan Noko av det fine med konsollspel er at dei er latterleg dyre å laga. Den dyraste blockbusterfilmen frå Hollywood kan faktisk ikkje måla seg når det kjem til kostnadar. Og det som er dyrt er som kjent alltid bra? På slutten av året 2008 kom [...]

Fallout 3: The Pitt

Tirsdag 24. mars er lanseringsdagen for The Pitt, den andre av tre nedlastbare kapittel til Fallout 3. Spelet blir lansert på Xbox Live og kan kjøpast for 800 Microsoft Bottlecaps. Handlinga foregår i (restane av) Pittsburg og nettsida Totally360 har eit fint lite intervju med produsent Jeff Gardiner om kva vi kan forventa oss. Om [...]

Spillmatic

Vår favorittpodcast Spillmatic (frå Radio Nova) tar kvar onsdag for seg det beste innan dataspel og hiphop. I tillegg har dei nyleg lagt ut eit av dei mest hypnotiserande små flashspel: Gimme Friction Baby.

Röyksopp vs Space Invaders

Vi er kjent med at Röyksopp diggar dataspel. (Det er vel knapt nokon i dette kongeriket som slår Torbjørn og Svein i ein omgang Halo.) Den siste videoen frå bandet, Happy up here, er ein rein hyllest til det klassiske Space Invaders.

Fallout 3

Kvar gong eg opnar forseglinga på eit spel er det vel vitande om at det ligg hardt arbeid og blodslit framfor meg. Verda skal som oftast reddast (eller i det minste justerast til det betre) og det vil kreva kanskje 50-100 timar av mitt liv. Utan kjennskap til Fallout-serien venta eg meg denne gongen eit typisk fartsfylt førsteperson skytespel, i same gate som Bioshock. Det stemte i grunnen brukbart men spelet er meir enn berre det. Fallout er også eit sandkassespel i god GTA-tradisjon med eit tumleområde på over 40 kvadratkilometer. I tillegg (og ikkje minst!) så er det eit rollespel der ein etter klassisk modell kan bygga opp sin karakter gjennom heile historia ut frå eigne handlingar og valg ein tar.

Kuskit

Westernspel er alltid bra, den samla tokyoredaksjonen har runda det meste i sjangern heilt sidan Outlaw på Atari i 1979. I år ser vi fram til minst to nye: Call Of Juarez: Bound In Blood frå Ubisoft og Red Dead Redemption frå Rockstar Games. Begge titlane er oppfølgjarar frå spel til forrige generasjons konsollar, førstnevnte [...]