Gode tider
by sofasatan
Til tross for generelle nedgangstider og ein spelbransje prega av konkursar, oppkjøp og fusjonar, så ser det ut til å bli ein høgst oppegåande spelhaust. Halo ODST er over oss og dominerer seine kveldar og netter: heile spelredaksjonen (i det minste dei av oss som sverger til Xbox) nøstar trådar i New Mombasa og leitar opp spor etter Orbital Drop Shock Troopers.
Valve Software lanserer det nye Left 4 Dead 2 i november men allereie 24. oktober kjem ein gratis nedlastbar demo for Xbox og PC. Som om ikkje det var nok så dukkar det i september opp ei nedlastbar tilleggspakke til forløparen. DLC-pakka har tittelen Crash Course og er eit nytt fleirspelarbrett med hordar av zombies og ein eller annan form for eksplosiv finale. Kapitlet skal visst gje ei meir glidande overgang mellom historia i nr 1 og den i nr 2. Det heile kostar sympatiske kroner 0,- til PC og litt meir (560 poeng, dvs rundt 50 kroner) til Xbox.
Brütal Legend kjem 16. oktober og like etter (dvs 23. oktober): Uncharted 2. Produsenten Naughty Dog (Tidlegare utgjevar av spel som Crash Bandicoot, Jak & Daxter og sjølvsagt Uncharted 1) har demonstrert eit smått revolusjonerane redigeringsverktøy for dette spelet. Etter å ha spelt gjennom eit brett kan ein klippa det om til ein actionfilm med ein bunke lekre redigeringsmuligheter. Det handlar ikkje berre om å flytta kamera og velgja vinklar, ein kan få karakteren mot “green screen” og dermed endre bakgrunnar fritt, spelaren kan vha mikrofon prata gjennom karakteren med leppesynk, lyssetting kan endrast, det same kan fargetonar, hastighet med meir. Tilsynelatande eit strålande leiketøy for filminteresserte, og kanskje for deg som likar å brifa med eigne speleferdigheter på nettet.
Naughty Dog (og Playstationfansen) er påpasselege med å understreka at spelet pressar prosessoren, harddisken og blu-ray-kapasiteten maks, og at noko så bra neppe kunne vore laga for Xbox. Vi får no sjå, seier dei borte i Xbox-leiren.
Til slutt i oktober: GTA Ballad Of Gay Tony og Forza Motorsport, det er med andre ord gode tider.