Halo 3: ODST anmeldt

by sofasatan

Spaninga og forventinga er stor i Tokyoleiren når det no er knapt eit par døgn til Halo 3: ODST fins i butikken. Som tidlegare omtalt er det snakk om ei utviding av Halo 3 som er bygd på den same grafikkmotoren, men med innhald og speloppleving som skal vera vesentleg endra. Det har vorte lova eit større geografisk univers, meir i retninga “ope” sandkassemiljø. Nytt i ODST er og spelmoduset “Firefight”. Her vil du, og opp til tre vener, kjempa mot bølgje etter bølgje av motstandarar.

Denne helga har dei heldigaste anmeldarane fått det nye Bungiespelet i posthyllene og her er ei lita oppsummering frå oss på reservebenken:

IGN er begeistra, spelet får 9 poeng av 10 moglege. “Maybe the last game you have to buy this year”:

IGN har dessutan satt saman ein fin liten historietime på fem minutter, Halo-historia til no:

Rune Håkonsen i NRK er avmålt, “ODST er ikke det beste Halospillet.”:

G4TV meiner det er “one of the year´s finest shooters” (5 av 5):

Gamereactor er både veldig skuffa og veldig begeistra. (8 av 10 poeng)

Gamer.no seier “Hvis det i all hovedsak er en god flerspilleropplevelse du vil ha, er Halo 3: ODST sannsynligvis årets mest komplette skytespill.” (8 av 10).

Spillmagasinet.no er skuffa: “Feige utviklere / Tynn historie / Kjedelig storby” (Terningkast 4)

1up: “ODST may be a side diversion in the Halo universe, but it’s an awfully good one”

C+VG: “Halo: ODST is epic” (9 av 10)

Vi veit kva du tenkjer: det som teller mest er sjølvsagt kva vi i Tokyoredaksjonen meinar om spelet. Det spørsmålet må du altså venta litt for å få svar på.