Fable III
by sofasatan
Det er den tida på året: den ukuelege optimisten Peter Molyneux er over seg av entusiasme på grunn av det nye revolusjonerande prosjektet som skal overgå det forrige (som kanskje ikkje blei heilt sånn som han hadde tenkt og sagt). Men DENNE gongen altså…
Mykje tyder på at revolusjonen det er snakk om dreiar seg om bruken av Microsoft/Xbox-teknologien med det fengande navnet “Project Natal”. Molyneux og hans Lionhead, er av dei utviklarane som har leika lengst med dette verktøyet og det var dei som fekk æra av å demonstrera det då oppfinninga vart presentert på E3-messa i vår:
Så kva veit vi om det komande Fable 3? Spelet er ikkje tenkt lansert før rundt jul neste år. Erfaringsmessig blir slike titlar utsatt eit par gongar, men drøyer det ut på nyåret 2011 så er vel snart heile konsollen utdatert. Handlinga vil foregå i landet Albion som i sine to forgjengarar, tidsmessig er det plassert 50 år etter Fable 2. Ein startar med å henta sine lagra data frå forrige spel, og ein speler son/datter av den gamle karakteren. Etter kvart som ein jobbar seg opp til trona i Albion vert ein konfrontert med utfordringar og strategiske valg som får vide konsekvensar for handlinga: “Players should expect to have to make much tougher choices with far wider consequences than ever before in Albion”, seier Molnieux på xbox.com.
På spelmessa Gamescon blei det nyleg lansert ein kort teaser trailer:
Når det gjeld gamle Fable 2 (som vi tidlegare har testa her på tokyo.no) vil det til hausten bli lansert stykkevis som “episodespel”. Dette er eit eksperiment som kan visa seg riktig lønsomt, og ikkje minst praktisk for brukarane. Som all god narkotika er den første dosen (dvs kapitlet) gratis: “With the Fable II episodic model, we’re encouraging people to experience the first chapter of the game free, then move onto other chapters when they are ready. It’s a unique model and one that will appeal to gamers who’ve been hesitant to dive full into the original retail release.” (Phil Spencer/Microsoft)


