Shadow Complex
Shadow Complex
Epic Games
Platform: Xbox 360
1.200 Microsoft Points (Xbox Live Arcade)
Shadow Complex er ei nylansering på Xbox Live Arcade. Spelet har lanseringsdato 20. august og vi i Tokyo.no har fått tatt ein titt på godsakene.
Akkurat når det blei så kostbart å laga spel at nesten ingen har råd til det, akkurat når ein var avhengig av kassasuksessar for å ha midler til å gå laus på neste produksjon, så dukkar det opp ein understraum av små fengande titlar som bles dei store kolossane av bana. Eit strålande eksempel er den overraskande suksessen til Jonathan Blows vesle og geniforklarte Braid (2008). Med framveksten av handholdte einingar og avanserte mobiltelefonar har småspel blitt eit stadig større satsingsområde. For konsollar er Xbox Live Arcade og Playstation Network arenaer for denne typen enklare og billigare spel. Mange utviklarar, også eit par av dei større, har fått augene opp for at denne marknadsplassen fins og faktisk er populær.
Shadow Complex er noko så uvanleg som eit 2D-platformspel med (nesten) state-of-the-art 3D-grafikk. Utviklar er Chair Entertainment kjent frå spelet Undertow. Produsent er amerikanske Epic, selskapet bak titlar som Gears Of War og Unreal Tournament. Spelet er og bygd på den såkalla Unreal Engine. Ei kopling av Gears Of War og Supermario høyres i beste fall ut som eit artig eksperiment, når prosjektet blei presentert på E3-messa i år var det og mange som rynka på nasa. Det fremstår som ei slags hyllest til platformsjangeren, ei helsing frå 2009 tilbake til 1989. Spelet er stappfullt av referansar og hyggelege nikk til dei av oss som vaks opp under pionértida for dataspel. Det store spørsmålet blir då om det faktisk fungerer ut over det å vera artig og nostalgisk? Er det spelbart og verd sine 1200 MS-poeng (knapt 100 kroner)?
Historia er ikkje så ulik Super Mario Bros: Jasons kjæreste Claire blir bortført i skogen av skumle menn, han finn ut at ho blir torturert og mistenkt for å driva spionasje. Jason sjølv er (heldigvis) topptrent kommandosoldat, no får han bruk for det han lærte i den militære spesialutdanninga. Manuset er av Peter David, ifylgje Microsoft ein av tidenes mest populære teikneserieforfattarar (!?). Histoira er visstnok basert på Empire av forfattaren Orson Scott Card.
Uansett: Shadow Complex er ei perle. Det fungerer utmerka som platformspel og faktisk like utmerka som 3D-spel med alt som høyrer til: imponerande fysikk, filmatiske sekvensar, veldesigna univers, troverdig AI, nydelege animasjonar, detaljar, dialogar, eksplosjonar. Det tek litt tid til å bli vant til begrensingane og innimellom blir det irriterande (at til dømes Jason ikkje går RUND skrivebordet, men insisterer på å hoppa over det). Skyting/sikting er også uvant og tek tid å bli vant til men når ein kjem inn i det er det nesten umogleg å koma seg ut.
Eg er ein av dei som blei irritert av at Braid fekk top score og knuste store verk (som GTA4) i kåringar av årets spel. Hvis eg no må likevel må gje karakter til Shadow Complex så får eg altså eit dilemma. Spelet er lite og begrensa, det er på sin måte enkelt og banalt. Det kan ikkje, som til dømes GTA4, underhalda meg i over hundre timar. Det er ikkje eit spel som eg tek fram for å utforska over fleire månader og år. Til tross for dette: det uvanleg sjarmerande, overraskande, fengande, det er rett og slett solid håndtverk. Spelet får altså mine varmaste anbefalingar og med alle sine ulike forbehold og føresetnader:
Score: 89%



enig sofasatan. Fræskt spill.
[...] Shadow Complex [...]