Ekstatiske hodetelefonar?
by holger
Eg hadde lyst på eit par nye hodetelefonar for bruk i stua til spel og også for å kunne skru opp lyden på filmen utan å stå i fare for å vekke treåringen. Samstundes var eg hypp på å teste om surround i hodetelefonar har noko for seg. Etter eit par timars research på nett fann eg at Sharkoon X-tatic digital hodetelefonar kunne gjera jobben.
Prislappen er i Noreg over tusenlappen, men såpass må ein nok betale om ein ynskjer kvalitet over gjennomsnittet.
Hodetelefonane er først og framst retta mot spelarar. X360, PS3, PC er alle støtta med tilkopling med optisk s/pdif og USB-tilkopling, og i tillegg andre kjelder digitalt eller analogt. Det er ikkje eit trådlaust hodesett.
Det som først slo meg var mengden kablar som fylgjer med – og ikkje minst det faktumet at det trengst 2 – TO straumforsyningar. Ein til SCU-boksen (Sound Control Unit) og ein til sjølve hodesettet.

Det fylgjer óg med mikrofon som kan festast til den eine øyreklokka og denne koplast til X360-kontroller med medfylgjande kabel, eller med USB frå SCU-boksen til PS3/PC. Eg har ikkje testa mikrofonen i spel enda.
Eg testa på PS3′en. Plugga i straumforsyningar, kopla den optiske kabelen mellom PS3 og SCU, plugga inn USB-kabelen mellom Ps3 og SCU, og sjølve hodesettet som har to pluggar – ein nipola spesialplugg til SCU-boksen, og ein plugg til straum. Puh… Fordelen er at alt dette kan gøymast bak utstyr eller inni eit skap. Når ein har kopla alt, og putta alt inn der det skal vera sit ein til slutt i sofaen med hodesettet og ein kabel til den SCU-boksen. – Altså ikkje så ille likevel.
På kabelen har ein volumknapp for hovudvolum, men også eigne volumknappar for front, bak og sub-kanalar. Sjølve settet verkar solid, og er behageleg på. Det veier litt men det er ikkje så ille med tanke på at det faktisk husar fire høgtalarar på kvar side. På kvar side av settet lyser x-tatic-logoen grønt. – Bokstaveleg talt, og det er ein detalj eg kunne klart meg utan. – Fint med LED som visar at settet får straum, men den hadde ikkje trengt å vera så stor. Får tru at det er eg som er for gamal. Det slår kanskje an på TG?
I PS3′en var det berre å velja optisk utgang i innstillingar og Dolby Digital 5.1 som format. Eg heiv så inn COD Modern Warfare og fyra opp. Godt førsteinntrykk! God lyd og god surround-verknad. Det same i GTA IV. Det blir tydeleg for ein fantastisk jobb det er gjort med GTA IV også på lydsida!
Testa så med ein blu-ray-film, men der fekk eg ikkje Dolby Digital 5.1-lyd med ein gong. Eg måtte inn i innstillingar for blu-ray audio output og endre til “Bitstream” for å få Dolby Digital i staden for Dolby Pro Logic..
Så – funkar det med surround? Ja, ikkje så verst, må eg seia. Det er heilt klart betre enn berre stereo, men for verkeleg å få inntrykk av surroundeffekten må ein ha høgtalarar bak som ikkje er 2 cm frå hodet. Det seier seg i grunnen sjølv. SCU-boksen har imidlertid såkalla Dynamic Range Control (DRC) som lar ein stille inn litt tidsforseinking i dei ulike høgtalarkanalane slik at surroundverknaden blir større.
Lydkvaliteten er generelt veldig god og settet har ganske imponerande bass til å vera hodetelefonar. Øyreklokkene er ikkje isolerande, verken for lydar utanfrå, eller for lyden frå mediet. Ho som sat i stua ved sidan av meg klaga litt på støyen. Dette har fordelar og ulemper. Ikkje-isolerande tyder som regel betre lufting og mindre svette øyrer, noko ein sett pris på etter nokre timars speling.
Eg hadde i utgangspunktet håpa på at ein kunne køyra ut det digitale lydsignalet både i s/pdif og HDMI til TV’en, men det kan diverre ikkje PS3′en. – Naturleg nok. Det er anten-eller, så planen min om å skru opp litt for meg sjølv på spennande film, medan frua helst vil ha lågare lyd, gjekk i vasken.
Dette settet er likevel absolutt det eg treng til seine haustkveldar med spel og film, og det er slett ikkje dårleg til musikkbruk heller. Det er eit supert alternativ for oss som vil skru opp lyden utan å vekke ungar og plage naboane.
Jeg be veldig fristet av testen. Det er et problem at lyden må være lav når det spilles etter barnas leggetid – eller når kona leser i sofaen. Eneste gangen lav lyd gjennom tv er en fordel er når jeg spiller Dead Space, blir lyden for høy er det rett og slett for skummelt. Litt avskrekket av to strømforsyninger og mye kabling – noen som har funnet noe som er litt mer minimalistisk?
Hehe, er det no ein skal koma ut av skapet? Kjenner meg absolutt igjen i det at det blir for skummelt med høg lyd! Testa demoen av Dead Space og det blei ganske enkelt for mykje av det skumle. – Orkar ikkje ha så høg puls så lenge – i sofaen!
- Elles er det nok kablar ja, men når dei først er pakka vekk i skapet, er dei ikkje synlege. Det er den eine kabelen til hodesettet som må fram når det skal spelast.
Hei. tror ikke min funker:( får bare ett blått lys på scu en. det er det som viser om den er på eller ikke. men de andre lysene vil ikke funke uansett hva jeg trykker på. hva kan være feilen?