Førtisgamerutfordringar

by holger

Dette er mitt første skriveri her. Det er ikkje lenge sidan eg oppdaga sida, og fann fort ut at den passar rimeleg bra for meg og det eg tenkjer om spel og speling. Eg startar med nokre tankar om det å vera nokonlunde vaksen gamer.

Er vel nokonlunde i målgruppa for tokyo.no. 39 år gamal småbarnspappa med jobb i IT-bransjen, rockestjernedraumen gravlagd, dyrt speilreflekskamera som blir for lite brukt og sans for enkle gleder – som ein roleg kveld i sofaen med treåringen i seng, sixaxis-kontrolleren i den eine handa og ein pils i den andre .

Eg skal ikkje gå i fella og skriva om ein så sjølvsagt ting som at vaksne menn finn glede i å sosialisere seg med andre vaksne menn (og kvinner) og skyte kvarandre i filler, men det er jo moro å sjå stua frå utsida og samanlikne med tilsvarande stue for nokre år sidan. Der far før satt med avisa eller Dagsrevyen, og mor med strikketøyet eller kryssordet, sit no pappa med konsollkontroller og mamma med laptopen.

Dei økonomiske føresetnadene er heldigvis mykje betre for ein førtis enn ein fjortis. Det går utruleg mykje fortare å spare til ein spelkonsoll eller eit spel når ein tener ein halv million i året enn om ein berre får ein hundrings i vekepengar – eller kva det er 15-åringar får no for tida. Derimot er det litt dårlegare med tid for ein førtis enn ein fjortis. Ein må jo jobbe, hente i barnehagen, dra på FAU-møte, trene, sosialisere seg med familie og vener og mange andre tidkrevjande ting. Av desse årsakane er eg smart nok til å halda meg langt unna MMO-spel.

Dataspel starta eg for øvrig med då eg sjølv var fjortis – på min første datamaskin, ein Sharp MZ-700. (Eg fekk aldri C64, men spelte hos kompisar)  Eg har tradisjonelt spelt spel på PC sidan tidleg nittital, men mest frå gullalderen starta i 96/97, og spelar gjerne spel på PC i dag og, men å sitja på roterommet med øyreklokkene på er ikkje sosialt. Ho heime føretrekk at eg sit i stua og spelar på TV’en. Då er vi i same rom, og det er betre enn å vera i ulike rom. Det synst jo eg óg er hyggeleg! – Ho fylgjer med og heier – og ved enkelte høve har ho slått opp i walk-throughs for meg når eg har stått fast i God Of War. – Men så blir ho jo sjølvsagt nokre gonger indignert og betutta av den ekstreme og ganske eksplisitte valden – som f.eks når eg som Niko Bellic med kaldt blod avrettar Vlad og blodet sprutar ut av hodet hans i full-HD. Av ein eller annan grunn er det ikkje så ille når eg som Kratos riv hodet av ein cyclop. Men etter som eg forstår  etter å ha sett previews av GOW 3 kan det henda ho blir litt meir sjokkert når den tida kjem.

Men så er det det å fylle stua med gadgets. Det er ikkje like kult som då ein var 19 og trudde ein imponerte damer med ørten rare dingsar under og oppå TV’en.  Det einaste ein i grunnen kunne oppnå var litt misunnelse frå kompisar. Vi har dessutan berre ei stue, då det er det ein har råd til når ein bur i Oslo og ikkje er stinn.

Kvinnene vil ikkje sjå dingsane. Dei kjem i to kategoriar: Dei som berre vil sjå nips, eller dei som berre vil sjå flater utan noko som helst.  Skal ein ha noko så er WAF høgare jo mindre og meir usynleg ein dings er. Problemet er diverre at 1) Morsomme ting (spelkonsollar)  produserer varme. Det er ikkje lett å skjule dei og samstundes sørge for god lufting.  2) Enkelte ting kan ikkje vera små – som ein subwoofer. Sistnemnde kan gøymast litt, men ikkje så mykje som ein skulle ynskje.

Det som er enda verre er jo at jo eldre eg blir, jo meir samd blir eg med frua om at ting ikkje bør vera store og blinke masse i stua.

Difor er det bra å satse på alt-i-eitt-løysingar. PS3’en er såleis fin. I staden for ein spelkonsoll, ein media-PC og ein blu-ray-spelar, får eg alt i ein boks som faktisk ikkje bråkar for mykje, og som har eitt bittelite LED-lys.

Verre er det når eg no snart skal kjøpe eit surroundanlegg.  Eit 5-1 anlegg tyder 6 større og mindre boksar som skal inn i stua. Det finst fine soundbar-system, men det er jo ikkje riktig surround, og eg er ikkje sikker på om ein diger boks under TV’en er betre enn fem små litt rundt om kring.

Og så utfordringa med lyden – feit lyd fortener jo å skrus opp. Men kor mykje kan ein eigentleg skru opp før lyden av maskingeværild på Wake Island vekker treåringen? – Løysinga er sjølvsagt øyreklokker – men då er eg usosial att…

Det er mange utfordringar for ein vaksen spelentusiast, men eg har no klart det fint fram til no, og klarar det nok fint framover. Hausten står snart for døra, og fordelen med det er at ein med godt samvit kan lukka seg inne og rømme litt frå kvardagen. Eg har planar om å skriva litt om det eg spelar på PS3 og PC – både gamalt og nytt. Eg er ikkje i kategorien som ligg i sovepose og ventar på å få kjøpt dei nyaste titlane først, men fylgjer godt med på kva som blir skrive om ulike spel og handlar når prisen blir satt ned litt. Bra for lommeboka, og dermed høgare WAF. – For la oss innrømme det – konsollspel er ikkje billeg moro når ein skal kjøpe til full pris.

Det blir nok ein valdeleg haust! :)

- HolgerL på PSN og Twitter