Tokyo events - Written by sofasatan on Thursday, August 6, 2009 11:26 - 0 Comments

Dette har skjedd

Spelbloggen tokyo.no feirar i desse dagar 5-månadersjubileum og det er på tide å sjå seg litt tilbake og litt fram.

Tokyo.no blei starta i mars 2009. Ideen var laus: lat oss skriva om spel og sjå kor det fører oss. Gratisavisa Grus fekk i same stund ein spelredaksjon, vi har levert anmeldingar og småstoff til kvart nummer dette året.

Seint på våren kom ein debatt om norsk spelanmelderi initiert av John Erik Riley. Det viste seg å vera eit visst sprik i oppfattingane om kva dataspel er, kva dei bør/skal vera, og korleis ein skal omskriva/anmelda dei. Spriket viste seg også innad i Tokyoredaksjonen. Det beste som kom ut av anmelderdebatten (for vår del?) var kanskje gryande ambisjonar om å ta dette litt meir på alvor. Mange av dei store spela som verkeleg fengar om dagen står ikkje tilbake for verken film eller litteratur når det gjeld t.d. politikk, psykologi, sosiologi, samfunnsengasjement og humor. Desse spela fortjener ein diskurs som går litt breiare og litt djupare enn det dei tabloide mediene presterer. Her har Tokyo ein jobb og eit potensiale. Vi kjem ikkje til å anmelda eller omtala rubbel og bit av dataspel. Det vi driv med kan godt kallast rettleiing eller misjonering: vi skriv hovudsakleg om det vi likar og prøver å gå i dybda og formidla kvifor vi likar det og kva som gjer det interessant. Kva som gjer at enkelte spel bør og skal sidestillast med eldre og meir “høgverdige” medieuttrykk.

Vi har oppretta ein kalender her på sidene. Der vil du finna sleppedatoar for viktige spel og hendingar. Halofraksjonen av Tokyoklubben har fått si eiga side, Tokyotisk Halolaug har faktisk første haustsamling no i kveld. Innrullerte vert herved oppmoda om å stilla utkvilte og med nypussa briller. Kl 18.00 på Halosfæren.

Hvis du vil skriva og/eller spela saman med oss så kontakt oss på tokyoredaksjonen [at] gmail.com.



Leave a Reply

Comment

Ferske kommentarar

Viktige datoar

More In Diverse


More In Diverse


More In Diverse