Operation: Anchorage (DLC, Fallout 3)
Operation Anchorage (DLC, fallout 3)
Bethesda Game Studios
Platform: PC, PS3, Xbox 360
Testa av @Sofasatan (Xbox 360)
Les og testen av opprinnelege Fallout 3 her på tokyo.no.
Eg er (førebels?) ingen stor brukar av Xbox Live, Playstation Network, e.l., men eg skal vera den første til å innrøma at eg diggar nedlastbart innhald. Det fins folk som hatar det og det fins gode argumenter mot DLC (altså nedlastbart tilleggsmateriale til (konsoll)spel) slik det fungerer i dag. Eit av argumenta imot er at det fort blir kostbart. Når ein i utgangspunktet har betalt skyhøg pris for sjølve spelet må ein altså punga ut med nye kronasjar for små ekstrakapitler og kanskje litt nye områder/våpen/motstandarar. (Operation: Anchorage kostar deg 800 Microsoft Bottlecaps, det er omtrent 70 kroner.) I tillegg kan ein surmula over at det nedlastbare materialet er låst til den eine konsollen som ein kjøpte det på/med, ein kan ikkje ta det over på andre lagringsmedier for backup eller speling hos ei veninne.
Likevel kastar eg meg altså over det, og kjøper det som er å oppdriva av digitalt spelpåfyll. Eg syns rett og slett det er ein heilt strålande idé å bygga nye historiar og variasjonar på den tekniske spelmotoren som allereie er bygd (møysomeleg, over mange år). I mitt stille sinn tenkjer eg at det kanskje gjev eit ekstra sterkt fokus på det som eg verdset høgast i produksjonen: arbeidet med karakterar, univers og historie/plott. Eg mistenkjer til og med at utviklarane senker skuldrene litt. Dersom spelet alt har vorte ein suksess, og dei enorme produksjonskostnadane er nedbetalt, så kan dei fokusera på å ha det gøy på jobb.
Rockstar Games har gjort noko liknande i årevis: sjølv om dei ikkje var nedlastbare, og dermed strengt tatt ikkje kunne kallast DLC, så er GTA San Andreas, Vice City og Liberty City Stories dømer på svært vellukka “tilleggspakker”. Alle er vidareutviklingar av GTA3 der det tekniske har blitt oppjustert men hovudfokuset har vore på å skapa eit nytt og unikt innhald innan dei eksisterande rammene.
Operation Anchorage er bygd på Fallout 3-universet men det skil seg likevel tydeleg frå orginalen. Også reint spelteknisk. Det kan virka som om utviklarane har hatt lyst å gå litt nye vegar, freista ein annan sjanger, og det er løyst fiffig ved at O:A er ei simulering. Altså, det er eit “dataspel” i dataspelet. Spelet er ikkje utan konsekvensar, døyr du i simuleringa, så døyr du og (Matrix-styled) i det “verkelege” spelet. Oppgåva går altså ut på å spela gjennom denne simuleringa og koma levande ut på andre sida.
Ein dumpar ned i den sagnomsuste kinesiske invasjonen av Alaska. Sinte og usympatiske kinesiske snikskyttarar ligg med varme olufluer bak snøskavlar i eit blåfrossent landskap. Prinsippet for å skaffa seg våpen og ammunisjon er snudd opp-ned, i forhold til orginalspelet. Meta-aspektet (spelet-i-spelet) tillet eit nytt regelsett: våpen vert utdelt og helse/ammunisjon fyller ein på “ladestasjonar”. Dette altså i sterk kontrast til livet i The Wasteland, der ein plyndrar primitive forskansingar på jakt etter eit par sårt tiltrengte haglepatroner og/eller rifleskot. Fiendar som vert drept forsvinn med eit “blimp”. Appellen til jeger- og samlarinstiktet er altså tona ned, saman med dei fleste andre rollespelelementer. Det som står att liknar dermed eit typisk og berre halvgod FPS (First Person Shooter).
Eg diggar DLC og eg diggar Fallout 3. Likevel: denne gongen er det ingen stor opptur. Eg gjev ein liten pluss for det visuelle skiftet til nydeleg vinterlandskap og ein litt større pluss for den herlige avsluttinga. Resultatet blir:
Score: 45%





Høres ut som et underlig valg å fjerne akkurat det som er karakteristisk med serien.
Ja, det er kanskje ein kombinasjon av 1) ynskje om å prøva noko heilt anleis og 2) for sterk tru på at spelmotoren i Fallout 3 er god nok til kva som helst. Resultatet er ein FPS som ikkje kan konkurrera med det beste innan den sjangern.
Når det er sagt så er det jo herlig i forhold til Det Store Plottet at ein får sett litt korleis invasjonen av Alaska går/gjekk føre seg…