Assassin´s Creed II før jul

by sofasatan

Det er ingen hemmelighet at Tokyo.no likar spel som kan puttast i kategorien action/roleplaying/sandbox. Ubisoft, Montreal, kunne i dag avsløra at fleire års intenst (og relativt hemmelig) arbeid på Assassins Creed 2 er tenk å resultera i ei utgjeving i god tid før jul!

Det låg sjølvsagt litt i korta at det nydelege (og suksessrike/prisbelønte) spelet frå 2007 måtte få ein oppfølgar. Plottet og konseptet rundt historia tillet jo at ein kan hoppa rundt i historiske epokar, det kan ein sikkert fortsetta med å laga spel på så lenge det fins folk som er villige til å bruka tid og pengar dei.

I Assassin´s Creed II speler ein karakteren Ezio, ein priviligert ung adelsmann frå renessanse-Italia, som har blitt svindla av rivaliserande herskarfamiliar. Ezios kamp for hevn fører spelaren inn i ei historie som er sagt å vera både variert, overraskande og engasjerande…

Our creative team is working hard to top the experience of Assassin’s Creed, we’ve made improvements to every aspect of the game.  And we’ve plunged ourselves into the stunning history of the Italian Renaissance so that we can offer fans a unique, varied and innovative Assassin’s Creed experience.”
 
Patrice Desilets, kreativ direktør på Ubisoft

Traileren over er ein del av ei litt hemmelighetsfull teaserside som er verd eit besøk. (Fiffig bruk av printer og webcam kombinert med fancy flash-3D, det er sånn vi likar det.)

Løp og kjøp:
478876