Speltestar - Written by sofasatan on Tuesday, March 24, 2009 9:41 - 5 Comments

Fable 2

Fable 2
Lionhead Studio
Platform: Xbox 360
Testa av @Sofasatan

Noko av det fine med konsollspel er at dei er latterleg dyre å laga. Den dyraste blockbusterfilmen frå Hollywood kan faktisk ikkje måla seg når det kjem til kostnadar. Og det som er dyrt er som kjent alltid bra?

På slutten av året 2008 kom det ein fin bunke påkosta spel. Eit av dei dyraste og kanskje mest gjennomarbeidde kom frå selskapet Lionhead i den trivelege engelske byen Guildford. I over fire år sat eit par hundre programmerarar, designarar og forfattarar og jobba på spreng. Sjefen var den visjonære og genierklærte Peter Molyneux. Resultatet, Fable 2, blei eit spel som kosta bort i mot ein milliard kroner.

Molyneux er ein entusiastisk type. Til tider, vil nok mange påstå, FOR entusiastisk: Etter lanseringa av første Fable måtte han gå offentleg ut og beklaga fordi spelet ikkje inneheld på langt nær det han hadde lova. Uansett: før lanseringa av Fable 2 gjekk han like friskt ut: Lionhead var, ifølgje Molyneux, i ferd med å lansera det beste spelet gjennom tidene. Var det så noko i det denne gongen?

bsriver_800

Fable 2 vert ofte nevnt saman med Fallout 3. Dei kom ut omtrent samtidig og begge blei omtalt som “sandbox/action roleplaying adventure”. Begge fekk høg aldersgrense (16/18 år) og begge blei lansert med skjermbilder som viste ein hund som trofast sidekick til hovudpersonen. Ut over dette viste det seg å vera SVÆRT få likskapar. Der Fallout 3 er barskt, dystert og tidvis vanskeleg å koma levande gjennom, er Fable 2 lett, muntert og faktisk ganske barnsleg. Korleis har det seg då at eg likevel, etter tre timar i spelet, innsåg at eg digga det? Kanskje har det med min ekstremt gode vilje å gjera men eg tvilar på akkurat det. Høgst sansynleg har det å gjera med dei hundre millionar kronene. Spelet er så påkosta of forseggjort at ein blir mållaus. Det er eit strålande døme på at kombinasjonen: masse pengar, masse talent og rikeleg med visjonar er ein vinnande formel. Fable 2 har ei sjarmerande heltesoge i eventyrsetting, spekka med drama og fantastisk britisk humor. Visuelt er det gjennomdesigna, så fargerikt og levande at ein må gje seg ende over. Hovudpersonen vert i høgste grad forma av dei valg som spelaren tek og hunden vert etter kvart ein ven for livet. Sjølv etter at hovudhistoria er over kan ein gladeleg bruka timar (og døgn!) på å rusla rundt i Albion, dette samfunnet ein har blitt ein del av og satt sitt preg på. Molyneux tok kanskje munnen for full, som han jo alltid gjer, men Fable 2 er eit svært vellukka produkt på veldig mange måtar. Slik skal det rett og slett gjerast, slik skal hundre millionar kroner brukast. Molyneux har skjøna det, og hvis han no berre tjenar bra pengar på det og så gjev det håp for framtida.

Score: 83%

marketsquare_800


Løp og kjøp:
e9d26d16-658b-41e4-9e6f-d3635746656c     1989486     1508098



5 Comments

You can follow any responses to this entry through the RSS 2.0 feed. You can leave a response, or trackback from your own site.

denungeherrholm
Mar 26, 2009 0:50

Virker som om Fable 2 faktisk greier å gjennomføre opp mot halvparten av det som ble lovet med Fable 1, og det er jo absolutt noe å sikle etter. Men som fan av rollespill-light og hack&slash så lurer jeg bare på om de har fikset de to største feilene fra nummer 1: Latterlig lange innlastingstider for latterlig små miljøer.

Uansett så har Xbox360 bygget seg opp et såpass stort bibliotek av spill jeg sikler etter at jeg sikkert må ta meg råd til en snart. Akk… den som var rik.

sofasatan
Mar 26, 2009 10:48

Den som er rik har ofte ikkje TID. Og omvendt. Spelet er verd både pengane og tida som det krever. Har berre såvidt testa Fable 1 og det er lenge sidan no. Lastinga på F2 ER ganske langtekkelig og miljøet er ikkje veldig omfattande men det er likevel eit svært behageleg univers å opphalda seg i.

nemolom
Mar 28, 2009 10:51

Jeg følte at Fable 2 gled fint, var godt balansert, var pent å se på (selv om jeg kunne ønske jeg hadde flere valg av base characters å velge mellom) – og det ga meg den friheten til å tulle rundt som jeg savna så mye i eneren. Spillet presenterer en verden man blir interessert i, og gir akkurat nok motivasjon i storyen til at du gidder, samtidig som ikke storyen kommer i veien for utforskningen av verden, eksperimenteringen med din egen karakter eller lysten til å prøve ut mengden med side-quests som finnes.

Bruken av humor er kanskje noe av det beste med Fable 2. Et spill som dette, som oppfordrer spilleren til å utforske svært uetiske sider av seg selv, hadde neppe fungert like bra uten den ofte kvasse humoren som glidemiddel. Og så er det morsomt med humor da.

nemolom
Mar 28, 2009 10:52

…det vil kanskje være mer riktig å si “oppfordrer spilleren til å ta svært uetiske valg”.

Fable III « tokyo
Aug 20, 2009 23:35

[...] det gjeld gamle Fable 2 (som vi tidlegare har testa her på tokyo.no) vil det til hausten bli lansert stykkevis som “episodespel”. Dette eksperiment som kan [...]

Leave a Reply

Comment

Ferske kommentarar

Viktige datoar

More In Diverse


More In Diverse


More In Diverse