Kva er spelindustrien?
by grindar
Kva er spelindustrien?
Av Grindar
Eg reiser til San Francisco siste veka i mars for å delta på GDC, Game Developers Conference, ein konferanse som mange meiner er verdas vitigaste for utviklarar av spel. Det er fleire grunnar til at eg reiser, eg reiser saman med Turbo Tape Games eit nystarta firma som nettopp har fått støtte av Norsk Filminstitutt for å finansiere utviklinga av spelet Naval War: Artic Circle. Eg er tilknytta TTG gjennom eit VRI-prosjekt, sett i gang av Senter for Nyskaping ved Høgskolen i Bergen, der eg er tilsett som høgskolelektor. Senter for Nyskaping jobbar og med å opprette eit bedriftsnettverk slik det kan lagast eit miljø for utvikling av dataspel her på vestlandet, der er eg og involvert.
Tidlegare har eg skreve ein del om digital distribusjon av musikk, og problemer i samband med rettar på digitalt materiale. Mykje av dette er direkte overførbart til spelindustrien, så det er og ein grunn for å reise. I tillegg ligg det formelle fagfeltet mitt i grenselandet mellom strategi, IT, marknadsføring og økonomi, derfor finn eg mange av problestilliningane innan spelbransjen spanande og relevante.
Ben Sawyer frå DigialMill har definert 6 lag i verdikjeda til spelutviklarar. Desse er som følgjer:
Dei største spelutviklarane i verdsmarknaden 2008 er i følge Game Developer Magazine er:
PWC har nettopp utarbeida rapporten Innovasjon Norge og Dataspillindustrien som kan lastast ned her.
Nokon fakta frå den rapporten:
Av de fire segmentene som danner kjernen i dataspillindustrien, er konsoll- og håndholdtsegmentet størst. … 58% av omsetningen i den globale dataspillindustrien genereres i dette segmentet. Online og mobil er de to raskest voksende segmentene med en gjennomsnittlig, årlig vekstrate fra 2003-2008 på 41% (online) og 56 % (mobil). De to segmentene utgjør hhv. 17 % (online) og 15 % (mobil) av totalmarkedet i 2008.
Marknadsdeler ulike konsollar:
Eg har vore Nintendofan sidan eg fekk min første Game&Watch Turtle Bridge i 1982. Artig at Saturo Iwata, sjefen i Nintendo er ein av hovudtalarane!
(Meir kjem.)