|
- - - - - - - - - - mandag, september 08, 2003 - - - - - - - - - -
Boka mi.
Det såg ikkje ut til å bli så mykje lest i sumar men med 2 månader på loofen fekk eg då dradd meg gjennom noko. Som i fjor og året førut tenkte eg å skriva kva eg tenkjer no, etter at boka er lest.Bokami #1: Stupid White Men av Michael Moore Michael Moore er mannen bak denne geniale filmen Bowling for Columbine som eg ikkje eingong har sett. Stupid White Men er ei bok om Bushadministrasjonen (skrive før Irak krigen) og om USAs begredelighet generelt. Å lese Moore er i ganske stor grad som å sitte bak ein slitsom høglydt New Yorker på ein buss, heile vegen frå Flom til Gol (via Ustaoset og Finse 1222). Han er ein typisk amerikansk Wise Guy. Eg hadde visse forventingar og vart eigentleg ganske skuffa på heile fyren. Det beste er all dritslenginga mot Bush, det er mykje godt stoff for konversasjonar og fylleprat når folk er samla for å rakke ned på Amerika og alle som bur der. Det faglege nivået på dette her er ganske labert, han er ein pratemaker og ei bråkebøtte som eg ikkje stolar på. Hans spektakulære statistikkar på det eine og andre virkar manipulert og tilgjort. Michael Moore, di klyse! Men at han tør å slenge så mykje dritt til presidenten er jo bra då. Mannen bloggar forresten her: http://www.michaelmoore.com/ |