|
- - - - - - - - - - mandag, august 04, 2003 - - - - - - - - - -
For dei som har fulgt svært nøye med på Ronny Haugeland Televisjon så er det kanskje allereie kjent at eg har vore på innsida og sett korleis mannen lever. Saman med min son på 3 år har eg tilbragt tre dagar og to netter i denne leiligheta på 60 kvm som ikkje det er betalt leige for lenger enn ut juni. Den vesle flinke teiknande mannen, som likar å omtala seg som litt trinn, bur der saman med katten sin Sander. Sander er eit euforiserande navn på eit uhygienisk kastrert krek med skarpe klør, dårleg lynne, dårlege kattevener og ein raus, hjartevarm husfar.
DAG 1 Me kom fram til Ronny som sto vinkande på perrongen i nye briller og alt for varm jakke. Me blei introdusert for Ronnys residens og Ronnys way-of-life som inkluderer mykje sjokomelk, mykje Knudsen og Ludvigsen, hyppig sjekking av spam mail og eit absurd ukomfortabelt, og på alle måtar upraktisk, spisebord. Ronny lagar god Pizza. Faktisk svært god. Eg la på meg vel 1 kg på turen. Til tross for mykje trasking og svetting, meir om det i dei to neste episodane av denne reiseskildringa. |