- - - - - - - - - - søndag, juli 20, 2003 - - - - - - - - - -
Laurdag : kl 15.00
Eg har kjøyrd 20 mil, er inne i Nordland fylke og er vel snart i Narvik. Eg såg på kartet no og konstaterte at turen berre såvidt har byrja. Og at eg muligens denne gongen kan koma til å bli ørlite lei. Men eg er ikkje inne i den psyko modusen enno, den trøtte apatien som gjer det gøy å kjøyre hundrevis av mil gjennom skog.

Som varsla tidlegare: det er lite folk i dette landet. Relativt mange skytebaner er det dog, og HV felt. Kanskje Hålogaland mobiliserer til lausriving? Om eg er tøff i trynet kryssar eg Saltfjellet i kveld/natt. Hvis ikkje slår eg opp teltet i Fauske.

Søndag: kl 12.30
80 mil og eg fyller bensin for første gong. No var det riktignok på tide. Med andre ord brukar ein Opel Astra 1.4 av mitt kaliber 50-dividert-på-80 liter pr mil på denne typen kjøyring.

Framleis lite folk å sjå. Fleire skytebaner. Haugevis. Dessutan har eg lagt merke til at det er mykje veterinærar nedover. Det skal ein vera glad for. Om ein held dyr.

Romanane eg har tatt med på lydbok har vist seg å vera fadeser. Skagenboka starta med ”Det var en mørk og stormfull natt.”. Liza Marklund boka har eg ikkje våga å starte på. Popsongar blir lese av ei irritert og indignert stemmme tilhøyrande Liv Bernhoft Osa. Eg veit at dei snakkar sånn i Odda men likevel. Kven set på ein slik cd friviljug?
Fekk med meg iTunes favoritter vol 3 og 5 av Stian. Stort sett bra kjøyremusikk der. Med unntak av enkelte songar som gjev meg sterke ubehag, kanskje det er gys av vonde minner. (Guns’n’roses har eg t.d. aldri kunne fordra.)
Thomas L gav med meg ”Blue Train” med John Coltrane. Det er ein del av ei jazzopplæring han driv på meg. Plata er i ferd med å jobba seg inn.
Gaute B gav med meg ein råmiks av den nye plata si. Den skal ut (under artistnavnet Colargoi) på Beatservice til hausten. De andre kan berre gleda dykk.
Eg har brent med meg psykomusikk av Sir Dupermann og Martin Horntvedt. Det set rette stemninga over fjord og fjell.

Ellers slo eg opp teltet i går ved midnatt. Dusja og reiste tidleg nok i dag til at eg slapp å betala for meg. Har byrja på ein krimpocket som eg fekk til 31års dagen: ”Et lite mord i Lisboa”. Snart veit eg meir om Lisboa enn deg, Kristoffer.

 
 
This page is powered by Blogger. Isn't yours?

 
Syndikate (XML) | VISIT TOKYOPEDIA