|
- - - - - - - - - - fredag, juni 06, 2003 - - - - - - - - - -
Sjå der.
Livet er godt i mitt nye hus. Eg veit meir om å krangle med handtverkarar og hushaiar enn tidlegare. Det kan vera ein heiltidsjobb. Eg syns eg kom bra langt i GTA 3 i går. Viser seg at eg har løyst 18 % av spelet. Ein Sveinar på QXL har lova meg Vice City til 200 kr, han seier han skal senda det i posten. Bortsett frå det så skriv eg så godt eg kan på eit langt stykke tekst som de sjølvsagt skal få lesa med tid og stunder. Om de har tid og lyst. Det er snart sumar folk, eg har byrja tenka litt på Tokyo Today magazine til Raptus. Eg har mykje liggande, skal få trykt det opp på eit vis. Ellers forstår eg at hr Tokyo Zoo er i ein downs periode om dagen. Vi får skulde oss sjølv. Mykje av dagen går med til å lese spam, printe det ut og klistre det på veggen over do. Snart må vel nettene tas ibruk. Eg veit at det fins eit og anna tema der ute som kunne vore tatt opp til frisk debatt her. Berre sjå på NRK2. Dei kan litt om det med å kjøyra debatt og dra med folket. Via sms og you name it. |