|
- - - - - - - - - - tirsdag, januar 21, 2003 - - - - - - - - - -
Ein ting som opptek meg om dagen og som eg veit ikkje interesserer folk som Erik, Juling, Roy etc er Playstation 2 og kva som eigentleg er pressa inn av smarte idear i det som fins av spel til den boksen. (Det er forresten merkeleg at så mange folk av typen som interesserer seg for fortellingar, litteratur, film og teikneseriar m.m. så lett ignorerer spelmediet!) Eg er jo ein trægost i den forstand at eg speler eit spel om gangen. Men når eg er ferdig med Final Fantasy X så er det kanskje berre rett & rimeleg at eg går over på Grand Theft Auto Vice City?
|