- - - - - - - - - - torsdag, oktober 17, 2002 - - - - - - - - - -
Riktignok er eg stundom lat men no er eg og på ferie. Eg jobbar fort og mykje og så reiser eg på ferie stadig vekk. Og så jobbar eg mens eg er på ferie og så latar eg meg litt på jobb etterpå. Det er tullete.
Det er rørande at de blir så provosert av TEGN sidene. Det betyr jo at de bryr dykk på eit eller anna plan. Eg gjer vel litt det sjøl og. Bryr meg og irriterar meg om ein annan. Eg har forresten konvertert til ein meir konservativ nynorsk. For å distansere meg meir frå Tegn-forum-idiotiet, kanskje. Og for å prova at eg alltid har vore ein sann og friviljug medlem av Norsk Målungdom.
Eg traff nyleg Erik på kafe, han latar seg ikkje han altså. Men i Tokyo samanheng er han ein sekk med latskap. Det er jo Roy og, den ølhunden. 30åringar blir så svimle og strevar med balansen dersom dei konsumerer mykje alkohol. Difor sit dei mykje. Det er lettare å balansere då.
Eg hatar røykarar. Og eg er ikkje lei meg om det blir tomt for øl i butikkane, kanskje det kunne vore triveleg om alle var heilt edrue ei veke eller to? Kanskje sivilisasjonen ville tatt eit brått hopp framover? Roy teikna ein haug med seriar og alle dansa i ring og var lukkelege?

Eg kjenner med undring at eg trivs betre og betre med denne presterolla.

 
 
This page is powered by Blogger. Isn't yours?

 
Syndikate (XML) | VISIT TOKYOPEDIA