|
- - - - - - - - - - fredag, oktober 18, 2002 - - - - - - - - - -
Den filmen som eg snakka om på Ronny sine pratesider, den norske der Emir Kusturica (Underground/Sort katt hvit katt etc) er med, det er jo den "Musikk for bryllup og begravelse" som Erlend Loe slaktar sånn. Eg kunne vel tenka meg at Unni Straume kunne klare å rote det til med stakkars Emir. Er så glad at vi har E Loe i den jobben, eg håpar berre dei har mot til å beholda han der lenge. Korleis er klimaet rundt dette på Filmens Hus, Kristoffer?
> Han regissøren Emir Kusturica speler i eit > band som heiter No Smoking Orchestra. > Skikkelig vindskeiv sigøynerpunk, last det > ned frå Kazaa. Og så speler han jo > østeuropeisk skranglefant i ein ny norsk > film har eg lest!? Sånne ting kan jo slå > begge veiar. Det gjekk ikkje så bra med > Bad Boy Bubby fyren i Bent Hamers regi. > (Sjølv om Bent Hamer er min favoritt etter > Eggs.) |