|
- - - - - - - - - - torsdag, oktober 31, 2002 - - - - - - - - - -
Beklagar at eg ikkje har fulgt opp dette før. Men for alle dei som ventar på å høyre korleis deg gjekk med beltet. Eg prøvde jo å få litt hjelp her for eg har ikkje sett eit belte i ein butikk som eg har hatt lyst på dei siste ti åra. Eg har alltid prisa meg lukkeleg for at eg har hatt verdas beste belte på meg. Men når det så rauk. Løysinga (som ingen her foreslo) var å gå til ein skomaker. Han tok av spenna og lagde ein tro kopi av det opprinnelege beltet. Det kosta kr 190 og han lova det skulle halda i ti nye år.
Eg har det forresten på same måten med briller. Det fins ingen briller i brillebutikkar som eg likar og kunne tenke meg å gå med. Er det sånn for alle oss her med god smak? Eller er det berre eg som er kranglete og vrang? |