|
- - - - - - - - - - torsdag, september 26, 2002 - - - - - - - - - -
ROKKEBUTIKKEN -- Ei dokusåpe. DEL 1
"Eg er av urmakarslekt. Eg har ei skapeleg klokke, ei eg kan stole på. Klokker går ikkje feil lenger, det gjorde dei mest før i tida. Både far min og bestefar min måte slite med det heile livet, klokker senka og forta og kundar kom og klagde og stilte dei til ansvar for tapte avtalar, tapte bussar og tapt kjærleik. Men eg tek ikkje over urmakarvirket, det er gjort heilt klårt. Eg har andre interesser, det er vel og bra at tida går og at den skal gå rett. Men når eg luktar nypressa vinyl, får meg ein røyk og eit glas Jim Bean. Eg må dyrka det eg brenn for. Eg opnar min eigen rokkebutikk. I dag. Riktignok ein liten butikk men stor nok til å romme det eg ynskjer å selga. Velkomen inn i min butikk, her vil du finna saker du ikkje visste du ville elska. Så herifrå blir det berre rokkenroll livsstil for meg." |