|
- - - - - - - - - - mandag, august 05, 2002 - - - - - - - - - -
hopla. Eg som trudde eg kunne snike meg ut utan at nokon merka det. Eg er på ferie om dagen og blir det nok ei stund til. Men å FJERNE jassågitten går lett. Å legge inn sånn at ein ser kor mange svar som er posta det tar nok meir tid for meg. Eg er ikkje så sinnsjukt god i PHP, eg stotrar meg fram. Lærer litt kvar gong. Det må uansett vente til eg er tilbake på jobb. Om ca to-tre veker. Men det er jo småtteri i Tokyo.
Eg har brukt litt av tida mens eg har vore borte til å teikne ei lita fanzine, trur den heiter s o f a s a t a n. Det blir kanskje den første utgjevinga på Tokyo Verlag. Det er ein serie på fem blasker som skal koma ut på kort tid. Tar gjerne imot seriar, nokon som vil bidra? |