|
- - - - - - - - - - mandag, juni 17, 2002 - - - - - - - - - -
Eg traff ein eg kjenner på kafe her i sta. Her er eit lite referat i min dokumentarserie om korleis folk faktisk lever der ute og kva som blir sagt. Han (la oss kalla han Roy M) jobbar framleis med hovudfaget sitt i "littvitt" (Litteraturvitenskap). Det er boka "Tåpenes sammensvergelse" som er hans studieobjekt. (Som Mikael Godø seier: Se å få lest den jævla romanen, din paraboloide skrumphjerne! ) John Kennedy Toole. Ein tjukkas i trettiåra som budde heime hos mora si og som skreiv om ein tjukkas (Ignatzius) som budde heime hos mora si. Myten vil ha det til at forfattaren tok sjølvmord og etterlot seg manuskriptet. Ein forleggar fekk kloa i det og såg at det var vent. Eg har forresten lese boka og den er jo definitivt vittig til tusen. Ang hovudoppgåve til Roy M: det skal vel bli ein ca 100 sider, minstekravet er 80 sider men ein kan koma opp i 120. Før i tida, på 70talet, var det ville tilstandar og ofte oppe i 350 sider. Sjølvsagt var det den gongen fylt opp med politisk agitering og vissvass. Roy har som dei fleste andre hovudfagstudentar rukke å bli passeleg lei av heile oppgåva. Den har og blitt utsatt eit par gongar. Innleveringa altså. Men til jul må det skje. Ein må koma vidare. Det er (som Stig Sæterbakken snakkar om -- litteraturens tredje nivå -- ) bedre å få det ut enn å flikke på det i det uendelege. Alt for mange er redde for å produsere noko middelmådig. Mens trickset for å bli bedre kanskje er å produsere mykje middlemådig. Ch Nielsen sa ein gong i eit intervju at han tenkjer kvantitet fremfor kvalitet. Roy M jobbar stadig meir på polet. Særleg i sumar. Og så har han fått augene opp for den nye Kent plata. Eg kan ikkje fordra Kent men kan betrygga han med at eg kjenner fleire oppegåande folk som faktisk likar Kent. Eg tenkte å spørra Roy om han likar den siste boka til Frode Grytten (Roy er nemleg frå Odda) men eg rekk det ikkje for han pratar mykje. Han fortel om ei me kjenner som skal gje ut bok. At ho er ung og har livet foran seg. Eg nevner filmen "Folk flest bor i kina" og at det der løsnar ein replikk (opprinneleg signert manusforfattaren Erlend Loe) : "Visst pokker har ho livet foran seg". Vi humrar og samtykkjer i at han Erlend Loe er ein fyr som nesten aldri gjer noko feil, alt han gjer blir ganske bra. Eg seier at eg likar godt den nye boka hans, Fakta om Finland. Ein tanke streifar meg: eg er faktisk på jakt etter ei verekeleg faktabok om Finland for dit går ferieturen om nokre veker. Har bestilt Lonely Planet bok på Libris. Alle kaffikoppar tek slutt og møtet er heva. Me helsar til hattebremen og ingen veit når me skal råkast att. Slik lever ein altså.
|