|
- - - - - - - - - - torsdag, mai 02, 2002 - - - - - - - - - -
Eg såg ein rev og. For to veker sia. Den var diger, på størrelse med ein schaefer. (Det skulle eg visst, før i tida når eg var livredd revar. Det var noko russisk operaoppsetting av noko rødhette greier som skremte meg. Hadde ikkje fått med meg at det var ulv, trudde det var rev. Var ikkje så stø i russisk. Dessutan - er det nokon som hugsar sekstiåtter-programmet "du og jeg og kaktus" ? Det var skumle saker. Pompel og Pilt var jo reine barneteve i forhold.)
I går såg eg ein oter som svømte og dukka. Mannen med grillfesten hadde ikkje kikkert så eg gjettar at det var ein oter, det kan ha vore ein røysekatt. |