|
- - - - - - - - - - mandag, mars 11, 2002 - - - - - - - - - -
Tjohei, pussig sammentreff for eg har gått der ofte, heilt til eg blei litt lei av heile greia og egentlig ganske kvalm og ny syns eg det stinkar skikkelig og vil helst ikkje innom der meir. Men det var ein kafe som heitte Hei Kafe (som eg trur og var Vietnamesisk) litt lenger nede mot Storgata som eg ikkje er skikkelig lei av. Men den er kanskje nedlagt? Kven veit.
Berre navnet var jo grunn til å gå der. Det fins forresten ein kafe som heiter Jippi Kafe. Den er ein eller annan plass mellom Bergen og Oslo. Og den er ein del av eit møbelsenter trur eg. Og den er utløysande faktor for at Jippi Forlag heiter det. For når ein kjøyrer forbi Jippi Kafe (i allefall for ein del år sia, no er kanskje den og nedlagt?) så er det sånt gult skilt frå veivesenet som det står "Jippi" på. Og ein pil. Oj, ja no er det oppretta KUNST side med Flus bokomslag. Det fungerer foreløpig etter samme kronglete prinsipp som "musikk" sida ved at folk sender meg saker som eg legg ut. |