|
- - - - - - - - - - onsdag, mars 13, 2002 - - - - - - - - - -
Teikneseriane blei laga på MIR sist eg var i Oslo, eg trur det var desse som var med: Erik Falk, Jens K, Rune Borvik og Jim Salabim. Trivelig at dei falt i smak, eg har haugevis med sånne impro seriar i eit skap og skal gjerne skanne alt saman for eg syns det er kjempevittig.
Skytehistoria til Ronny var kjempekoselig.Takk det same om Kristoffers gunnerhistorie. Eg trur eg veit kvifor vi heile livet VIL bli fortalt historier: vi vil bli F O R A N D R A. Vi går på kino og seier forandr! meg! Og ein god film klarar det. Og Dongery nr 6 klarar det. Og akkurat no er det Rushmore som er min film. |