- - - - - - - - - - fredag, mars 15, 2002 - - - - - - - - - -
Enkelte folk speler alt for mykje dataspel. Men du Ronny speler alt for lite.

Eg lånte PS1 i fjor og kjøpte Final Fantasy 9. Det var himmelsk. Det var definitivt eit spel etter min smak. Det som er litt fint å tenka på når ein speler sånne nye store påkosta spel er at budsjettet ofte er ti gongar (meir?) så høgt som ein Hollywood film. Kjensla av at det er DYRT. Det er fint. Dyrt er bra er fint. No har eg lyst på ein sånn Xbox. Såg demonstrasjon i går av spelet med det klingande navnet HALO. Eg vil spela Halo over nettverk 4 veker i strekk. I strekkbenk.

Bløff høyrest jo faktisk veldig bra ut! Ellers burde vi ta ein runde InkLink.

Og eg og Ronny hadde ein periode med masse Sissyfight.

 
 
This page is powered by Blogger. Isn't yours?

 
Syndikate (XML) | VISIT TOKYOPEDIA