- - - - - - - - - - mandag, mars 25, 2002 - - - - - - - - - -
Eg er litt sånn Gerhardsen mann. Tar fram skia i påska og planlegg dessutan ein lang togtur frå Bergen til Oslo på påskelaurdag (påskeafta?). Og så har eg hoggorm mønster på sokkane, sånne brune sokkar som Ronny har. Og så likar eg at NRK P1 sender Andre Bjerke krim i påska. Han kalla seg Bernhard Borge som krimforfattar. Nitimen orkar eg ikkje, der går liksom grensa. Men påskelabyrinten med Viggo Valle er knallfin. Han er nok ein radiofjes type for det er jo katastrofe med dei TV quiz greiene hans. Der ramla han litt frå stjernene.

Men Andre Bjerke altså, eg syns han er litt undervurdert. Eg unnar alle litt skumlings litteratur i påska. Og så blir det liksom ikkje skikkelig skummelt med sånne nymotens krimfolk. Kim Småge og sånn. Eller Alistari McDitt og datt. Bernhard Borge er skikkelig Gerhardsenmann. Ein av dei siste voksne nordmenn. Få tak i desse før biblioteket stenger:

Nattmennesket (1941)
Enhjørningen (1963)
Døde menn går i land (1969)
De dødes tjern (1942)

 
 
This page is powered by Blogger. Isn't yours?

 
Syndikate (XML) | VISIT TOKYOPEDIA